4.699,00 NOK

Naturretreat i Jølster 18 - 20 september

Ro og velvære med yoga, skogsbad og badstu

Dette retreatet er for deg som ynskjer å kjenne på ro og fellesskap.

Her får du lande, puste og hente deg inn. Hausten er ei tid for å gå innover, og for å lande i seg sjølv.

Mellom fjell og vatn ligg samfunnshuset i Jølster i Sunnfjord vakkert til. Det utgjer ramma for naturretreatet.


Dette er ei helg for deg som vil:

✨ finne ro i kropp og sinn
✨ kome ut av stress og tilbake til balanse
✨ kjenne naturen med alle sansar
✨ vere i eit trygt fellesskap med andre
✨ få ny energi og klarheit

Annette og Kristin 🌿