17. juni - 2026, kl.17-20
Denne kvelden samlast vi rundt bålet ved fossen. Vi set ein intensjon for kvelden og ber om hjelp frå flammane til å finne vår veg og vår indre flamme.
Deretter blir du guida inn i ei trommereise.
Du kan velje om du vil ligge i hengekøye mellom trea, på yogamatte på plattinga eller sitje rundt bålet medan tromma fører deg innover.
Etter trommereisa inviterer eg til eit skogsbad for dei som ønskjer det. Ta med badeklede dersom du vil bade i kulpen.
Vi avsluttar rundt bålet med urteseremoni og ei ny trommereise der vi møter energien i nymånen og lyttar til kva som ønskjer å vekse fram i livet vårt no.
Velkomen til ein kveld med natur, trommer, bål og fellesskap.
Om du vil vere igjen å overnatte i hengekøye er det mulig. Uansett ta med liggeunderlag til hengekøya å pledd så du ikkje frys. det er maks 5 miutt å gå frå Du finn kordinatane på googel maps her