6.666,00 NOK

Reiki 1 & 2 online

Healingkrafta er ikkje låst til eit rom eller ein fysisk plass. Ho flyt gjennom intensjon og nærvær – ikkje avstand.
Eg har sett det gong på gong, og då ein av reikistudentane mine reiste fire timar for ei innviing, men seinare valde å ta resten digitalt fordi ho kjente energien like sterkt online, skjønte eg at dette kunne bli ei løysing for fleire.

Dette kurset er for deg som vil lære Reiki 1 og 2 på ein måte som gir tid til fordjuping, øving og integrasjon – ikkje berre ei helg med diplom og ferdig.

Du får tilgang til all undervisning i vår online kursportal, med videoar, øvingar, meditasjonar og refleksjonar som du kan gå tilbake til så mange gongar du treng. Du lærer i ditt tempo, medan energien får jobbe med deg lag for lag.

Dette er ei reise der du:

✨ utviklar healingevnene dine steg for steg
✨ lærer symbol, teknikkar, chakra, aura og energiarbeid
✨ får individuell innviing med meg når du er klar
✨ får støtte undervegs, slik at du ikkje står åleine
✨ kjenner at du utviklar deg, ikkje berre lærer

Eg har sjølv halde helgekurs før — og det er fint. Men etter to dagar hadde vi eigentleg berre starta reisa. Derfor skapte eg eit opplegg som gir deg rom til å vekse over tid, ikkje bli kasta ut i verda før du er klar.

Her får du lære Reiki med respekt for krafta ho er.

Dette handlar ikkje om å bli healer på papiret.
Det handlar om å bli heile deg.


📦 Dette får du

  • Komplett online tilgang til Reiki 1 og 2

  • Videoar, øvingar, meditasjonar og oppgåver

  • Individuell innviing og veiledningstime med Annette

  • Støtte i portalen når du har spørsmål

  • Trygt reiki-community du kan vekse i

  • Lær i ditt eige tempo – kom tilbake når du treng


🌿 Kva du lærer i Reiki 1

  • Reikihistorie og Usui-tradisjonen

  • Aura, chakra og energiflyt

  • Healing av kjensler og energiblokkeringar

  • Pendel og energilesing

  • Sjølvhealing og grunnprinsipp

  • Meditasjon og åndeleg tilknyting

  • Reikivatn og frekvensarbeid


🌌 Kva du lærer i Reiki 2

  • Reikisymbola: Cho Ku Rei, Sei Hei Ki, Hon Sha Ze Sho Nen

  • Hands-on healing på seg sjølv og andre

  • Chakra-balansering og fjernhealing

  • Etikk og grenser i energiarbeid

  • Healing på benk og klientprosess

  • Lyd-, krystall- og åndeleg healing

  • Fordjuping i meditasjon og guidet kontakt


💛 Passar for deg som…

  • er sensitiv og vil bruke evnene dine trygt

  • vil lære healing i sitt eige tempo

  • kjenner eit kall mot å støtte andre

  • vil bygge indre ro og kraft frå innsida

  • vil ha opplæring med djupne, ikkje hastverk

 

«Eg hadde lite tru på eigne evner, men gjennom kurset oppdaga eg at eg hadde mykje å bidra med.
Med handa på hjartet kan eg anbefale Annette sitt kurs – det har gitt meg utvikling og verdifull energi i livet.»

Heidi Vuttudal

Om du vil ha faktura tek du kontakt på: [email protected]