Du er i ferd med å seie ja til ei djupare healingreise – ei reise som ikkje berre lindrar øyeblikket, men hjelper deg å sleppe, forløse og integrere over tid.
Denne pakken er for deg som kjenner at du treng meir enn éin behandling, og som ønskjer støtte gjennom fleire lag av prosessen du står i.
Healinga skjer på avtalte tidspunkt, der du legg deg ned og tek imot energien i ro. Kvar økt bygg vidare på den førre, slik at du kan møte ulike lag av kropp, emosjonar og energi – i det tempoet du er klar for.
Denne reisa kan hjelpe deg å:
✨ sleppe gamle mønster og følelsar som har satt seg i kroppen
✨ få meir indre styrke og klarheit i val og grenser
✨ lande meir i kroppen og nervesystemet
✨ kjenne deg meir stabil, jorda og heil
✨ opne for vekst, retning og ny energi
Dette er ei fordjupande reise, ikkje ein enkel behandling.
📦 Dette får du i pakken
-
5 fjernhealingar over avtalt periode
-
ca. 30–40 min healing kvar gong
-
Healing tilpassa dei ulike fasane du står i
-
Kort tilbakemelding etter kvar økt, om du ønskjer
-
Energiarbeid du kan ta imot heime i ro
🔮 Slik kan reisa sjå ut
-
Healing 1: Opning & energibalansering
-
Healing 2: Forløysing av gamle mønster
-
Healing 3: Aktivering av indre styrke
-
Healing 4: Jording & stabilisering
-
Healing 5: Integrasjon & vidare vekst
Dette er berre ei mogleg rekkefølgje – kvar økt blir tilpassa deg og det du treng der og då.
💛 Passar for deg som…
-
treng støtte over tid, ikkje berre ei stund
-
ønskjer å jobbe i lag med kroppen, nervesystemet og sjela
-
vil sleppe det som ikkje lenger tener deg
-
ønskjer ei trygg reise med oppfølging, ikkje berre energi
Når du bestiller, får du e-post med forslag til tidspunkt og korleis du førebur deg.
Takk for at du tar vare på deg sjølv 🌙
Velg mellom betaling med kort eller vipps til 823857 (Hjertestemma AS). Send ei melding til Annette på 91647389 om du vel å vippse slik at vi får det registrert i systemet.