GLEDE OG EIGENKJÆRLEIK I LIVET
Kjenner du på eit ønske om å finne deg sjølv igjen – stå stødigare, puste djupare og kjenne meir ro i kvardagen? Kanskje lengtar du etter å leve meir i tråd med den du eigentleg er, i staden for å alltid vere der for alle andre.
Eg veit korleis det kjennest å miste kontakten med seg sjølv. Å vere oppteken av alt ein skal rekke, alle forventningane og alle rollene som tek meir energi enn dei gir. Sakte, men sikkert blir den indre roa borte.
For meg byrja endringa då eg valde å vende merksemda innover.
Små steg førte til store endringar. Eg lærte å lytte til meg sjølv, setje grenser, kjenne min eigen verdi og hente kraft frå innsida – ikkje frå prestasjon eller andre sine forventningar.
På mi eiga reise har eg samla 10 enkle tips som har styrkt relasjonen til meg sjølv. Desse vil eg gjerne dele med deg.
Kanskje kan dei også hjelpe deg til å finne meir ro, større eigenkjærleik og ein kvardag der du kjenner deg meir som deg sjølv.
Ja takk, send meg tipsa!