Start her

Velkomen heim til deg sjølv!

Ein stad der du kan finne ro, lytte innover og styrkje relasjonen til deg sjølv

SNAKK MED MEG HER

 

 

 

Velkommen!

Eg hjelper deg å opne opp for di eiga healingkraft og ta stega du kjenner kallar deg, slik at du også kan følge hjartestemma di.

SNAKK MED MEG HER

 

Kvinnehelseretreat – Tai Chi, Qigong m.m.

KVINNEHELSERETREAT I VAKRE JØLSTER
19.–21. februar 2027

**Ei heil helg for deg som lengtar etter meir ro, balanse og overskot i eigen kropp.**

Unn deg ei helg der du kan legge kvardagens krav til side og setje deg sjølv i sentrum. På Jølstraholmen Landskapshotell inviterer vi til eit kvinnehelseretreat fylt med rolege rørsler, naturopplevingar, gode måltid, velvære og inspirerande fellesskap.

Gjennom tai chi, qigong, meditasjon og avspenning får du utforske nærvær og kroppsmedvit. Du får også kunnskap om kvinnehelse, hormon, kosthald og søvn, og inspirasjon til små grep som kan gi meir balanse i kvardagen.

Her er det rom for å puste ut, senke skuldrene og berre vere deg sjølv.

Meld deg på her

Badsturituale på Jølstraholmen landskapshotell

Badsturituale på Jølstraholmen landskapshotell

Dette er Aufguss rituala, der badstumeisteren dynka eteriske oljer i is-baller og har den på dei glovarme steinane i badstua. Varmen og dampen blir fordelte i rommet gjennom spesielle rørsler med handkle eller vifte, for at duft og varme skal sper seg i badstua og gje deg ein unik sanseleg oppleving.

Kvar Aufguss varer i cirka 10–15 minutt og har ulike tema, meditasjonar eller historier som blir formidla av badstumeisteren. Eit rituale er bygd opp med minimum tre lukter, du blir invitert til å lukke auga å la luktene guide inn i ei historieforteljing inspirert av duftene.  Mellom øktene kjøler vi oss ned, kviler og finn tilbake. Om du ønsker kan du vere med på eit friskt bad i elva.

 

Kommande datoar:

Onsdag 4. november

Onsdag 25.november

Fredag 11. desember

Meld deg på her

Reiki 1 og 2 digitalt

Når min reikistudent som valte å reise fire timar for å reikienergien til slutt valte å ta det online, då ho oppdaga at energi fungerar like godt digitalt, tenker eg det kan vere ein løysning for deg også.

Du får fleksibel tilgang til Reiki 1 og 2 gjennom vår online kursportal. Jobb i ditt eige tempo, lær teknikkar, og delta i vår healingfamilie med veiledning og støtte.

Vanlegvis lærar du reiki 1 og 2 på to helger, her får du mage forelesningar, meditasjonar og oppgåver på vegen. Du får også to undervisningshefte, og grunndig innføring i dei tre healingsymbola som er mantra vi bruker for å få kontakt med deikienergien som flaumer gjennom oss

Start Reiki 1 og 2 her

Hei, eg heiter Annette, og eg hjelper deg å bygge ein god relasjon til deg sjølv og andre. med fokus på eigenkjærlighet og mot til å vere deg sjølv og ta plass.
Annette er sertifisert innan aromaterapi i badstu frå Farris bad. Ho brukar tromme aktivt i formidlinga, og har gjennom si reise oppdaga kva lyd, vibrasjon og mantra har å seie for ro i nervesystemet. Annette diggar healing, underviser i reiki, og går på utdanning som qigongterapaut. Ho drømmer om at fleire skal følgje hjertestemma og vere tilstade i seg sjølv og naturen. Som akademisk bakgrunn har ho skreve master om læring og kunnskapsutvikling, og har 20 års erfaring innan utdanningssektoren. 

Og reisa mi handlar eigentleg om dette:
å leve nærare sjela mi å bruke sensitiviteten min som gåve og å hjelpe deg å gjere det same.

Slik at du også kan følge hjartestemma di.

Bli betre kjent her

Book tid med meg her

Lurer du på om mine tjenestar er noko for deg, kan du booke 15,min gratis samtale med teamet vårt

Book tid her