Dette er min historie
Vi sat i Hellas ein sein sommarkveld og bestemte oss for å starte eiga bedrift. Mannen min som siviløkonom og eg utdanna som lektor med fordjupnigri læring i bedrifter. Eg elska lærerlivet, men ,luttseleg ein dag skjedde det noo som tvang meg til å tenke nytt.
Kva i alle dagar skulle eg finne på? Og der starta reisa mi i ein kamp om å forbedre eiga helse og samtidig finne ut kva eg skulleibruke livet mitt til.. snakk om 40 års krise med reiki, healing og spirituell utvikling har forma meg til den eg er i dag.
I dag ser eg på den hendelsen som ei gave,der eg lært å lytte til hjartestemma mi, å kjenne meg sjølv på djupet, og å bruke gåva mi til å hjelpe andre med å finne balanse og indre ro.
Vi er alle unike, og det som gjer oss særeigne kan også vere vår største styrke. Eg har alltid hatt ei sterk evne til å kjenne andre sine stemningar og nærvær, men det tok tid å lære å skilje mellom det som er mitt, og det som tilhøyrer andre. Å respektere kvar sin veg i livet og forstå at vi ikkje treng å vere like, har vore ei avgjerande læring.
Denne prosessen har lært meg kor viktig det er å ha kontakt med eigen energi, å integrere healing i kvardagen og å vere til stades med openheit og medkjensle. Eg har sett korleis små, bevisste handlingar kan skape stor forandring – både i mitt eige liv og hos dei eg møter. Dette har blitt kjernen i mitt arbeid: å veilede, støtte og inspirere andre til å lytte innover, finne ro og utvikle sine eigne gåver.
Eg ønskjer å invitere deg inn i denne reisa, til å oppdage dine eigne styrker, finne balanse og styrke dine ritualer som skaper flyt i din kvardag. Gjennom kurs, retreats, horoskop-lesningar og energihealing deler eg verktøy som kan hjelpe deg å leve nærare deg sjølv og styrke kontakten med det som er ekte og sant for deg.
For meg har reisa inn i å vere autentisk vert det som har motivert meg. Begynne sakte men sikkert å lytte til kroppen, og åge å seie ei til det som tappar meg for energi, og mot til å gå mot det som lyser meg opp.
Book ein gratis samtale med meg
Når det akademiske og intisjon nog healingkraft møtast
Min interesse for læring og for korleis vi kan utvikle oss i lag starta for alvor då eg studerte master i organisasjon og leiing. Eg forsto at vi lærer best gjennom ekte samtaler – når vi deler det som verkeleg betyr noko for oss, og set ord på det vi kjenner innerst inne. Det er då vi kan reflektere, lytte til sjela vår, og finne vårt indre kompass.
Eg voks opp i Førde på Vestlandet, og i helgane og feriane tilbrakte eg tid på garden ute ved kysten. Eg likte å kjenne kontrastane mellom by og land, og har alltid vore nysgjerrig og utforskande. I ungdomsåra fann eg Taekwondo, og som vaksen har eg oppdaga gleda i Yoga, Tai Chi og Qigong. Det er fantastisk å kjenne korleis kroppen og energien får flyt og balanse.
Turar i skogen og på fjellet, eller berre å sitte rundt eit bål med varme klede, gir meg ro og ei kjensle av å hente ned reiki-energien. Slike stunder minner meg om kor viktig det er å lytte til seg sjølv, å vere til stades, og å la sjela få rom til å vise veg. Det er ekte lukke og kjernen i alt eg deler med andre.
Nydelege Sunnfjord
No bur eg i Sunnfjord mellom fjell og fjord. Eg og mannen min har to ungdommar som er litt inn og ut av redet. Vi elsker å reise og bu midt i naturen, eller kose oss i ein urban by. V kjøpte oss bobil, som eg har gitt namnet "bobeline". Den gir oss ekstra frihet, og i sommar tøffa eg meg opp å reiste på tur åleine, eller med ei venninne . men eg kjørte sjølv. Eg er inne i ein epoke der eg reiser ein del å held kurs eller deltek å kurs for å fylle på meg sjølv og mi verktøyasse
Eg elskar naturen og å oppleve årstidene på nært hald. Å sitte stille og observere fuglane, gå turar i skogen eller kjenne vinden på fjellet, gir meg både ro og energi. Eg dyrkar urter, lagar urteteer og eksperimenterer med alt som kan forbetre min energi – små ritual som knyter meg til naturen og hjartestemma mi.
Eg er fascinert av alle former for energi og healing – frå Reiki, Qigong, Tai Chi og Buq, til shami healing og astrologihealing. Dette er praksisar som inspirerer meg, og som eg elskar å dele med andre som ynskjer å utforske si eiga personlege utvikling.
Kanskje du har kjent det lenge
ei stille tiltrekking mot healing, energi og noko større enn deg sjølv.
Denne gratis masterclassen er ei invitasjon til å utforske healingkrafta som alt finst i kroppen din, og møte dei første stega på Reiki-reisa di med tryggleik og indre visdom.
Her lærer du korleis energi beveger seg, korleis du kan bruke ho i kvardagen, og korleis du kjenner skilnaden mellom dine eigne følelsar og andres.
Meld deg på for å få tilgang til masterclassen med ein gong.