Astrologi
🌕Fullmåne Reading (skriftleg)
Innsikt. Bevisstgjering. Klårheit.
Fullmånen kan lyse opp noko du ikkje tidlegare har sett eller vore fullt bevisst på. Kvar fullmåne aktiverer ulike tema i fødselshoroskopet ditt og kan gi ny innsikt i det som rører seg i livet ditt akkurat no.
I denne personlege astrologilesinga ser eg på kvar fullmånen treff ditt fødselshoroskop, kva område i livet ditt som blir belyst, og kva planetar og aspekt ho aktiverer.
Du får ei personleg tolking av kva denne fullmånen kan synleggjere for deg – og kva du kan bli invitert til å forstå, utvikle, avslutte eller ta med deg vidare.
🌑Nymåne Reading
(skriftleg)
Nye moglegheiter. Nye intensjonar. Ny retning.
Nymånen markerer starten på ein ny månesyklus og bringer merksemda mot det som ønskjer å vekse fram. Ho kan synleggjere nye moglegheiter, innsikter og retningar – og kva du er klar til å gi meir energi til.
I denne personlege astrologilesinga ser eg på kva nymånen aktiverer i ditt fødselshoroskop, kva område i livet ditt som blir framheva, og kva planetar og aspekt som påverkar denne nye syklusen.
Du får innsikt i kva denne nymånen kan opne for hos deg, kva som ønskjer å ta form – og kvar du kan setje ein tydeleg intensjon for vegen vidare.
Asrologilesning
(munntleg via zoom/telefon)
Innsikt. Gjenkjenning. Retning.
Fødselshoroskopet ditt gir eit unikt bilete av kven du er – styrkane og gåvene dine, men også mønster, sår og livstema som har vore med på å forme deg.
I denne personlege astrologilesinga ser vi på dei sterkaste energiane i fødselshoroskopet ditt, kva som driv deg, kva du treng, og kva kartet fortel om di personlege og sjelelege utvikling.
Du får ei djupare forståing av deg sjølv og samanhengane i livet ditt. Mange opplever at brikker fell på plass, at dei får bekrefta noko dei lenge har kjent inni seg – og større klarheit i vegen vidare.
Dette skjer hos Hjertestemma frammover
Kvinnehelseretreat – Tai Chi, Qigong m.m.
KVINNEHELSERETREAT I VAKRE JØLSTER
19.–21. februar 2027
**Ei heil helg for deg som lengtar etter meir ro, balanse og overskot i eigen kropp.**
Unn deg ei helg der du kan legge kvardagens krav til side og setje deg sjølv i sentrum. På Jølstraholmen Landskapshotell inviterer vi til eit kvinnehelseretreat fylt med rolege rørsler, naturopplevingar, gode måltid, velvære og inspirerande fellesskap.
Gjennom tai chi, qigong, meditasjon og avspenning får du utforske nærvær og kroppsmedvit. Du får også kunnskap om kvinnehelse, hormon, kosthald og søvn, og inspirasjon til små grep som kan gi meir balanse i kvardagen.
Her er det rom for å puste ut, senke skuldrene og berre vere deg sjølv.
Reiki 1 Kurs I Bergen
16. og 17. oktober
På dette kurset lærer du å rense kroppen og balansere chakra –
noko som er sjølve essensen i reiki.
Du vil lære korleis du kan bringe harmoni til tankar, kropp og sjel
gjennom naturlege prosessar i kroppen.
Reiki skil seg frå andre teknikkar ved at energien blir aktivert gjennom innvielse,
og kjem frå den universelle kjelda – ikkje direkte frå deg sjølv.
Dette er ein healingteknikk du får tilgang til gjennom innvielse på kurset.
Badsturituale
Dette er ei sanseleg oppleving med varme, damp, eteriske oljer og musikk.
Annette guidar deg gjennom eit rituale der du kan senke tempoet, lande i kroppen og nyte varmen og duftene.
Rituala vil variere gjennom året, inspirerte av årstidene og naturen.
For deg som ønskjer ro, velvære og ei annleis badstuoppleving.
Online tilbud hos Hjertestemma
Reiki 1 og 2 Online Kurs
For meg handlar Reiki om å respektere den sterke healingkrafta. Å lære Reiki 1 og 2 er ikkje noko ein blir ferdig med på ein helg – det er ein indre prosess som får lov å utvikle seg over tid.