Reiki 1 og 2 – lær i ditt tempo med støtte undervegs
Mange tilbyr Reiki 1 og 2 som helgekurs – to dagar, ein diplom, og så blir du sendt ut i verda. Eg har sjølv halde slike helgeretreat, og eg hugsar at vi etter to og ein halv dag eigentleg berre hadde begynt på reikireisa. Då føltes diplomen litt tom, fordi eg visste at elevane trengde meir støtte, djupare forankring og tid til å la energiane verke.
For meg handlar Reiki om å respektere den sterke healingkrafta. Å lære Reiki 1 og 2 er ikkje noko ein blir ferdig med på ein helg – det er ein indre prosess som får lov å utvikle seg over tid.
Tilgang til Reiki 1 og 2 kursportal – lær i ditt eige tempo, med undervisning og øvingar du kan vende tilbake til når du treng.
Personleg oppfølging – ein veiledningstime og ei individuell innviing i reikikrafta med Annette.
Støtte undervegs – still spørsmål i kursportalen og få svar slik at du aldri står åleine.
Reiki-community – del erfaringar, inspirasjon og støtte med andre som har gått Reiki 1 og 2.
Her får du lov å vere deg sjølv, utvikle deg i ditt tempo og vekse med reiki-energien over tid.
Bli med herTenkjer du at dette kan vera noko for deg?
Har du spørsmål om Reikemesterutdanninga, eller lurer på om dette er rett veg for deg?
Bestill ei uforpliktande gratis samtale med Annette.
Reiki Nivå 1 – Kursinnhald
Reiki nivå 1 gir deg ei grundig innføring i reikiens historie, energiarbeid og korleis du kan bruke Reiki healing for sjølvutvikling og healing av andre.
Kva du lærer i Reiki 1
- Reikihistoria, Dr. Usui – Lær om bakgrunnen for Reiki og korleis det blei utvikla av Dr. Mikao Usui. Reikienergien – Forstå korleis balansen mellom yin og yang påverkar energifeltet ditt.
- Følelsar – Korleis bruke Reiki healing for å heale vonde følelsar og finne indre ro.
- Aura og energifelt – Lær om auraen din og korleis du kan jobbe med energifeltet for healing.
- Chakramediasjon – Bli kjent med dei 7 hovudchakraene og korleis du kan rense dei for å styrke energiflyten i kroppen.
- Pendelbruk – Korleis bruke pendel for åndeleg kontakt og energimåling.
- Reikivatn – Lær å lage reikivatn for å heve frekvensen og styrke energien.
- Sjølvutvikling – Bruk tankens kraft til personleg vekst og spiritualitet.
- Reikihealing på seg sjølv – Lær korleis du kan bruke Reiki for å helbrede deg sjølv.
- Meditasjon for å auke åndeleg kontakt – Teknikker for å styrke di åndelege bevisstheit og tilknyting til universell energi.
«Reisa mi held fram no, saman med Reiki som eit verktøy i livet mitt.»
– Mona
Reiki Nivå 2 – Kursinnhald
Reiki nivå 2 gir deg vidare innsikt i reikiens kraft, inkludert avanserte teknikkar og symbolbruk som styrker healingprosessen.
Ein viktig del av Dr. Ushui reiki er å forene kropp, sinn og ånd for å skape balanse. Vi vil derfor gå i djubden på hans healinteknikkar og rense kroppen, og tømme hode for tankar gjennom meditasjon for å komme betre i kontakt med vår ånd. Ein viktig del av dette vil vere å følje og fordjupe seg i dei fem reikiprinsippa
Kva du lærer i Reiki 2:
- Innføring og kanalisering av reikisymbola: Cho ku rei, Sei Hei Ki, Hon Zhe Sho Nen
- Øve på å gje healing – Jobbe i par for å utvikle healingferdigheiter.
- Handposisjon i reikihealing – Lære korleis du plasserer hendene under healingprosessen for maksimal effekt.
- Etikk – Lære kunsten å møte alle med respekt og sette sunne grenser for deg sjølv og andre.
- Chakrabalansering ved hjelp av reiki – Lære korleis du balanserer chakra med hjelp av reiki.
- Korleis jobbe på benk med klient – Praktiske teknikkar for å utføre reikihealing på benk med klientar.
- Meditasjon og åndeleg kontakt – Teknikker for å styrke din åndelege kontakt og bevisstheit under healingsprosessen.
- Lydhealing, krystallhealing, åndeleg healing, auralesing – Lære om andre healingmetodar som utfyller reikihealing.
«Eg klarte ting eg aldri trudde eg kunne.»
– Jasmin Paader
"Min reiki-reise starta for et år siden. For å nå målet som reikimester måtte jeg ha min eigen reise først. Der jeg måtte lære å hvile og lytte meir til kroppen min. Gamle mønster og forståingar måtte vike på veien. Tålmodighet og tillit var vesentlege faktorar. Ein fekk ikkje all forståing med ein gong. Det var og er ein personlig utvikling for meg. Annette var nærværande og tilgjengelig i prosessen min. Reisen min forsetter nå, saman med Reiki som eit verktøy i livet mitt. Eg ser fram til å være i vidare utvikling. Takk 🩷"
Mona
«Annette var nærværande og tilgjengeleg i prosessen min.»
– Mona–
Kjenner du deg igjen?
Kanskje du jobbar i eit omsorgsyrke, og du merkar korleis energien rundt deg påverkar deg. Du kan føle andre sitt humør før dei seier noko, og nokre gongar gir du av deg sjølv så mykje at du sjølv blir tappa. Du veit at du har ei sensitiv side, men du veit ikkje heilt korleis du skal bruke den på ein trygg måte.
Du har ofte lurt på om det du opplever er ekte – er det berre innbilling, eller har du verkeleg ei gåve? Du har behov for å bli sett, forstått og rettleidd. Nokon som kan vise deg korleis du kan utvikle dine evner utan å miste deg sjølv.
I dette Reikemesterkurset får du individuell coaching, personleg oppfølging og innviingar, slik at du kan lære å bruke di healingkraft med tryggleik og tydelegheit. Du får verktøya du treng for å heale både deg sjølv og andre, samtidig som du styrkar di eiga energi og sjølvkjensle.
Dette er kurset for deg som ønskjer å gå djupare inn i kven du er som sjel, og verkeleg utvikle ditt potensial.
Meld deg på her!
Min Reiki Master-reise
Hei, da ble det min tur til å fortelle litt om min reise til Reiki Master 😊 Jeg tok kontakt med Annette og møtte ei stødig, flott dame som fortalte om Reiki-reisen for å bli en del av den utrolig deilige Reiki-energien 🙏❤️.
Det har vært en stor utvikling for min del. Jeg hadde lite tro på egne ferdigheter, selv om jeg visste at jeg hadde mye å bidra med 🤗. Men sånn er det mer eller mindre for oss alle – livet gir oss utfordringer, og de kan slå ut på mange vis 🥹.
Jeg har kost meg gjennom hele kurset og kan med hånden på ❤️ anbefale kurset til Annette, hvis du vil ha noe nytt og verdifullt inn i livet 👌✨❤️.
Mine beste ønsker for den det gjelder 🙏😍
– Heidi Vuttu
Eg klarte ting eg ikkje trudde eg kunne
Denne Reiki-reisa og det å bli reikimester har vore ei stor og god utvikling. Eg har lært mykje og er fornøgd med det eg har lært og opplevd. Med øving får ein meir og meir til – og utan at eg visste det på førehand, klarte eg å fjerne både sjukdom og smerte då eg øvde meg på Reiki-healing.
Å få Reiki-krafta i gåve er eg veldig takknemleg for. Eg er i spirituell utvikling, og nysgjerrig på alt det spirituelle. At eg fekk vere med på denne reisa og dette kurset for å bli reikimester, gjer meg utruleg glad og takknemleg.
– Jasmin Paader
Full av omsorg – Ei tilbakemelding på fjernhealing
Eg fekk fjernhealing av Annette og kjente at eg var halden, sjølv om det ikkje alltid er synleg i den fysiske verda. Eg kjente healingen fysisk, sjølv om Annette var langt unna geografisk. Etter healingen blei eg fylt med energi og overskot, og eg kjente ei energetisk støtte som fylte meg.
Eg opplevde ein ro i at det er mogleg å gå inn i det ukjente, sjølv om eg kjenner på usikkerheit og motstand. Etter healingen var det fleire ting som hadde tynga meg som plutseleg løyste seg. Om det var healingen, er vanskeleg å bevise, men det var påfallande at det skjedde så raskt i etterkant. For meg var det ein samanheng mellom healingen og dei tinga som løyste seg i den fysiske røyndomen.
– Nina Seim
Kven er Annette bak Hjertestemma?
Vi er alle litt rare – alle har vi våre eigne særpreg. Mi særeigenheit har vorte mi styrke, og mi reise innan reiki, healing og spirituell utvikling har forma meg.
Eg har alltid hatt ei sterk evne til å kjenne andre sine stemningar og nærvær. Det som derimot har vore ei reise for meg, er å lære å skilje mellom det som er mitt, og det som tilhøyrer andre. Å respektere at vi alle har kvar vår veg i livet – og at vi ikkje treng å vere like.
Denne reisa har ført meg djupt inn i meg sjølv. Etter ei ulykke i ein akebakke vart eg pressa til å stoppe opp, lytte til hjertestemma og søkje svar. Då byrja eg å gå djupare inn i både astrologi og Reiki, utdanningar som gav meg nye perspektiv og ei sterkare forståing av kvifor eg er her.
Gjennom denne prosessen fann eg ikkje berre styrke i sensitiviteten min, men òg eit kompass for å leve nærare meg sjølv – og for å bruke gåva mi til å hjelpe andre.
Er dette deg?
Du kjenner at du er meint for noko meir – at du ikkje berre merkar energi, men ønskjer å forstå ho og bruke ho på ein trygg og kraftfull måte.
Kanskje har du lenge vore nysgjerrig på healing, men ikkje heilt turt å ta steget. Du merkar at hendene dine «vaknar» i møte med andre, eller at du intuitivt vil hjelpe menneska rundt deg til å få det betre.
Innerst inne veit du at du har ein gåve, men du saknar struktur, tryggleik og ein lærar som kan vise deg korleis du utviklar evnene dine på ein rein, jordnær og balansert måte.
Du drøymer om å kunne:
✨ opne opp for den intuitive krafta di
✨ hjelpe både deg sjølv og andre med energibalansering
✨ bygge ein djupare kontakt med sjela di
✨ stå stødig i sensitiviteten din og bruke ho som ei styrke
Dette kurset er for deg som kjenner at tida er inne.
For deg som vil utvikle deg – ikkje berre som healer, men som menneske.
Klar til å åpne døren til din healingkraft?
💚
Meld deg på Reiki 1 & 2 – Online ReikiAkademiet i dag og start reisen i ditt eget tempo med støtte underveis.