Naturretreat i vakre Jølster

 18. -20. September

 Ro og velvære med yoga, skogsbad og badstu

Dette retreatet er for deg som ynskjer å kjenne på ro og fellesskap.

Her får du lande, puste og hente deg inn. Hausten er ei tid for å gå innover, og for å lande i seg sjølv.

Mellom fjell og vatn ligg samfunnshuset i Jølster i Sunnfjord vakkert til. Det utgjer ramma for naturretreatet.

Meld deg på her

Dette er ei helg for deg som vil:

finne ro i kropp og sinn
komme ut av stress og inn i balanse
kjenne naturen med alle sansar
vere i eit trygt fellesskap med andre
få ny energi og klarheit

MediYoga

Skogsbad med trommereise

Badstu med eteriske oljer 

Meditasjon og pusteteknikkar

 

JA, eg blir med!

MediYoga – for ro og balanse

MediYoga er ei mjuk og terapeutisk yogaform som kombinerer rolege rørsler, pusteteknikkar og meditasjon for å redusere stress og fremje helse.

Denne yogaforma er utvikla for å balansere nervesystemet og hjelpe kroppen med å sleppe spenningar, uro, angst og smerter.

Målet er å finne indre ro, styrke kontakten med deg sjølv og støtte kroppen si eiga evne til balansere seg.

I MediYoga er det ingen krav til prestasjon eller forkunnskaper.

Du blir guida gjennom mjuke øvingar og pust som gir kroppen høve til å lande, roe seg og finne tilbake til di eiga rytme.

JA, eg vil ha RO

Skogsbad – ei sanseleg vandring

Skogsbad er ei langsam vandring i naturen, der vi brukar sansane for å kome i djupare kontakt med naturen rundt oss.

Her får du tid til å stoppe opp, kjenne nærværet og ta inn atmosfæren i skogen. Vi lyttar til lydane rundt oss, kjenner luktene, ser lyset mellom trea og let kroppen få lande i ro. Skogsbadet blir avslutta med ein te-seremoni og ei guida trommereise.

Vandringa føregår på eit lite område, og stiller ingen krav til fysisk form. Opplegget kan også tilretteleggjast ved behov.

Badstu og bad i fjellvatn 

Eit haust rituale i badstua med aroma og afcuss

 Len deg tilbake å kjenn den varme dampen, i kombinasjon med eteriske oljer, som gir ei frisk, reinsande kjensle. Badsturitualet er ei oppleving med musikk og rituale som framkaller dei eteriske oljene si magiske lukt.

Vi avsluttar med eit kuldebad for dei som vil. Når du går ned i vatnet, trekkjer blodårene seg først saman, og kulden kan kjennast intens. Etter ei lita stund tilpassar kroppen seg, blodsirkulasjonen aukar, og mange opplever ei kjensle av varme, ro og klarheit.

Om Annette

Annette er sertifisert innan aromaterapi i badstu frå Farris bad. Ho brukar tromme aktivt i formidlinga, og har gjennom si reise oppdaga kva lyd, vibrasjon og mantra har å seie for ro i nervesystemet. Annette diggar healing, underviser i reiki, og går på utdanning som qigongterapaut. Ho drømmer om at fleire skal følgje hjertestemma og vere tilstade i seg sjølv og naturen. Som akademisk bakgrunn har ho skreve master om læring og kunnskapsutvikling, og har 20 års erfaring innan utdanningssektoren. 

Om Kristin

Kristin er MediYoga-instruktør og underviser i yoga på Yogalivet i Oslo. Hun er også sertifisert skogsbadguide fra Scandinavian Nature and Forest Therapy Institute (SNFTI). I veiledningen er hun opptatt av personlig utvikling og legger vekt på det du enkelt kan gjøre for å åpne opp for indre ro, klarhet og kontakt med deg selv. Som bakgrunn har hun jobbet mange år i forlagsbransjen, men driver nå følghjertet.no på fulltid. 

Meld deg på allereie i dag

Naturretreat i Jølster

Kr. 4.699,-

 

  • MediYoga kvar dag

  • 1 guida skogsbad med trommereise

  • 1 badstu opplevelse med eteriske oljer

  • Meditasjonar

  • Finn roen blant fjell og i natur
  • Moglegheit for fjelltur
  • Inkludert middag fredag og laurdag 

  • oppmøte mellom 16 og 17.
KJØP HER

Overnatting i hytte

Kr. 1.899,-

  • Overnatting i hytte i delt rom med ein annan person

  • Delt kjøkken og bad, gratis parkering

  • Vask er inkludert

  • Ta med eigne sengeklede

  • Innsjekk frå k.l 16.00 fredag 11. september

  • Utsjekk innan kl 10.00 søndag 13 september 

KJØP HER