Når blei det så vanskeleg å prioritere det som gir oss glede?
Sep 08, 2026
Det finst alltid ei unnskyldning for å ikkje følgje draumane våre eller gjere meir av det som faktisk gir oss glede og får det til å lyse litt langt inne i sjela.
Det er den oppvaskmaskina som skal tømmast, boda som skulle vore rydda, hagen som treng litt ekstra omsorg eller nokon andre som treng meg akkurat no.
Det er nesten alltid noko – eller nokon – som kan komme først.
Slik var det i alle fall for meg.
Eg var flink til å vere der for andre. Som mor, kone og lærar var det alltid nokon som trong noko frå meg, og sakte, men sikkert, mista eg kontakten med mi eiga indre stemme. Eg hadde blitt ein del av generasjon prestasjon utan eigentleg å oppdage det sjølv.
På eit tidspunkt visste eg nesten ikkje lenger kva eg likte.
Eg visste berre at eg var sliten.
Men kva skjedde med alt det eg ein gong var så glad i?
Kva med naturen? Fjella? Bålet? Stillheita? Det å vere ute utan at turen nødvendigvis skulle målast i kilometer, høgdemeter eller prestasjon?
Eg byrja etter kvart å forstå at eg ikkje trong endå fleire ting eg skulle bli flink til. Eg trong noko som kunne hjelpe meg tilbake til meg sjølv.
For meg blei MediYoga ein viktig del av dette. Eg oppdaga at eg kunne sette meg ned, puste og faktisk vere i ro utan å ha dårleg samvit for at eg ikkje «gjorde noko».
Det artige var at mannen min merka forskjellen før eg nesten gjorde det sjølv. Han såg at eg blei lettare til sinns når eg tok vare på meg sjølv, og kjøpte meg klippekort på yogastudioet i nabolaget.
For om vi skal vere heilt ærlege: Det var mykje betre for han at eg tok den pausen enn at eg brukte den same tida på å rydde endå eit skap eller enda utsliten framfor Netflix om kvelden.
Når eg hadde det betre, fekk menneska rundt meg også ein betre versjon av meg.
Kanskje vi har misforstått kva det betyr å ta vare på oss sjølve?
Eg trur mange av oss har lært at det å prioritere seg sjølv er noko vi kan gjere når alt det andre er ferdig.
Problemet er berre at alt det andre aldri blir ferdig.
Det kjem alltid ei ny oppgåve, ei ny melding, noko som burde vore gjort eller eit menneske vi gjerne vil stille opp for.
Og då kan ein heil helg berre for deg sjølv kjennast ganske stor.
Du må faktisk bestemme deg. Rydde kalenderen. Reise. Bruke pengar på deg sjølv.
Eg forstår godt at terskelen kan vere høg.
Samtidig er det noko heilt anna å ta nokre timar fri enn å faktisk gå ut av kvardagen ei stund. Det er først når vi gir oss sjølve litt plass at vi kanskje oppdagar kor høgt tempoet eigentleg har vore.
Det var noko av tanken bak Naturretreatet i Jølster
Når Kristin og eg inviterer til Naturretreat 18.–20. september, ønskjer vi ikkje å lage ei helg der du skal rekke mest mogleg.
Vi ønskjer å skape ei helg der naturen får vere ein del av opplevinga, og der vi bruker ulike inngangar til ro og nærvær.
Kristin er MediYoga-instruktør og sertifisert skogsbadguide. Ho tek oss med gjennom mjuk MediYoga og eit skogsbad der vi beveger oss sakte gjennom naturen og bruker sansane på ein heilt annan måte enn på ein vanleg tur. Skogsbadet blir avslutta med te-seremoni og trommereise.
Eg skal blant anna ta deg med inn i badstua. Der bruker vi varme, damp, musikk og eteriske oljer for å skape ei sanselig oppleving. Og dersom du har lyst, kan du avslutte med eit bad i fjellvatnet.
Gjennom helga blir det også meditasjon, pust, felles middagar og tid til å vere saman.
Men noko av det eg gler meg aller mest til, står ikkje nødvendigvis i programmet.
Samtalane. Latteren. Stillheita. Å sitte saman etter ein oppleving. Å møte nye menneske. Å vere mellom fjell og vatn i Jølster når hausten har begynt å komme.
«Men eg kjenner jo ingen …»
Det er kanskje ei av dei største tersklane for å melde seg på noko slikt åleine.
Men du kan absolutt komme åleine.
Du treng heller ikkje kunne yoga. Du treng ikkje vere spesielt sprek for å delta på skogsbad. Du må ikkje bade i kaldt vatn. Og du treng ikkje ha vore på retreat før.
Dette er ikkje ei helg for dei som er flinke til retreat.
Det er ei helg for vanlege menneske.
Og du får komme akkurat som du er.
Kanskje du også har eit «men»?
Eg har lyst, men eg har så mykje å gjere.
Eg har lyst, men eg kjenner ingen.
Eg har lyst, men eg burde kanskje bruke pengane på noko anna.
Eg har lyst, men det passar sikkert betre ein annan gong.
Eg kjenner igjen mange av desse «men»-a sjølv.
Og kanskje er ikkje svaret alltid at vi skal overstyre dei. Nokre gonger passar det faktisk ikkje.
Men eg har begynt å stille meg sjølv eit anna spørsmål:
Har eg eigentleg ikkje tid – eller har eg igjen sett meg sjølv nedst på lista?
Det er to ganske forskjellige ting.
Naturretreatet vårt er 18.–20. september i Jølster. Heile retreatet kostar 3.555 kroner og inkluderer MediYoga kvar dag, skogsbad med trommereise, badstuoppleving med eteriske oljer, meditasjon og middag fredag og laurdag. Overnatting bestillast separat, og det finst alternativ både med delt rom og eige soverom.
Og bur du i nærleiken og ikkje kan vere med ei heil helg, kan du kontakte oss dersom du ønskjer å delta berre ein av dagane.
Kanskje dette er helga du ikkje utset til «ein annan gong».