Kvinnehelseretreat i vakre Jølster

For deg som lengtar etter meir ro, balanse og oveskudd i eigen kropp

Når kroppen endrar seg, er det tid for å lytte

Kjenner du at energien ikkje strekk til slik den gjorde før? At du er sliten, at kvardagen krev mykje, og at det ikkje alltid er så lett å finne tid til deg sjølv?

Kanskje lengtar du etter å senke skuldrene, få puste ut og kjenne at du har litt meir å gje – ikkje berre til andre, men også til deg sjølv?

På dette retreatet får du tid og rom til å lande i eigen kropp og finne tilbake til det som gir deg ro og overskot. Gjennom dei mjuke, langsame rørslene i tai chi og qigong får du utforske nærvær og kroppsmedvit. Du får også kunnskap om kosthald, hormonhelse og søvn, og inspirasjon til små endringar som kan støtte deg i kvardagen.

Gjennom gode måltid, kvile, naturopplevingar og fellesskap med andre kvinner får du ei helg der du kan sleppe nokre av krava, vende merksemda innover og kjenne etter kva du sjølv treng.

Ei helg for deg som ønskjer meir ro, overskot og livsglede i kvardagen– og som vil gje deg sjølv litt av den omsorga du så ofte gir til andre.

 

Meld deg på her

Dette er ei helg for deg som vil:

✺ Finne ro i kropp og sinn og kjenne meir balanse i kvardagen

✺ Få tilbake overskotet og finne att livsgnisten

✺ Forstå meir om kosthald, hormonhelse og kva kroppen treng

✺ Oppleve korleis tai chi og qigong kan gi ro, nærvær og mjuk rørsle

✺ Senke skuldrene, prioritere deg sjølv og kjenne på eit varmt fellesskap med andre kvinner

 Tai chi og qigong – rolege rørsler og nærvær

✺

Naturopplevingar og tid til å senke skuldrene

✺

Øvingar som støttar i nervesystemet

✺

Meditasjon og avspenning

✺

 Felles lunsj og middag – næring og fellesskap

✺

Kosthald, hormonhelse og søvn

 

JA, eg blir med!

Fredag 19. februar

16.00 – Innsjekk på hyttene

17.30 – Velkomen
Vi møtest i resepsjonen til kaffi, te og frukt.

18.00 – Velkomstsamling
Vi samlast rundt bålet til velkomst, forventningsavklaring, øvingar for vagusnerven og jording.

19.30 – Felles middag

JA, eg vil ha RO

Laurdag 20. februar 

09.30 – Morgonsamling
Kaffi, te, frukt og ei roleg stund saman.

10.00–12.00 – Tai chi og qigong
Rolege rørsler, nærvær og undervisning om kosthald, helse og hormon.

12.00 – Pause
Smoothie og ein liten matbit.

12.30 – Delingssirkel og meditasjon

13.00 – Felles lunsj

15.00 – Vagusøvingar og søvn
Enkle øvingar med fokus på vagusnerven, avspenning og søvn.

17.00–19.00 – Badstuerituale
Moglegheit for isbad.

19.30 – Felles middag

Søndag 21. februar – Stå stødig i eigen kropp

09.30 – Morgonstund
Kaffi, te, frukt og ei roleg stund med mingling.

10.00 – Tur i naturen
Jording, meditasjon og tai chi i naturen.

11.30–12.00 – Utsjekk frå hyttene

12.00 – Lydbad og avslutningssamling
Oppsummering av helga, eigenomsorg, kosthald og meditasjon.

13.30 – Felles lunsj og avslutning

Kvinnehelseretreat på Jølster inkluderer

✨ To overnattingar – tid til å senke skuldrene og finne ro

✨ To felles middagar – nærande måltid og godt fellesskap

✨ To felles lunsjar

✨ To serveringar med frukt og to smoothie

✨ Kaffi, te og vatn i alle pausane

✨ Tai chi og qigong – rolege rørsler som fremjar nærvær og kroppsmedvit

✨ Kunnskap om kosthald, hormonhelse og søvn – med inspirasjon til gode vanar i kvardagen

✨ Øvingar for vagusnerven og nervesystemet – med fokus på jording, ro og avspenning

✨ Meditasjon og delingssirkel – rom for refleksjon, nærvær og fellesskap

✨ Naturoppleving – tur, jording, meditasjon og tai chi ute i naturen

✨ Badstuerituale – ei sansande oppleving med moglegheit for isbad

✨ Lydbad og avslutningssamling – ei roleg avrunding av helga med refleksjon og eigenomsorg

Om Annette Paulen 

Annette Paulen er lærar, med master i læringsprosesser,  ritualholder i badstu og qigong instruktør. Ho er også utdanna astrolog.

Gjennom arbeidet sitt har ho vore særleg oppteken av korleis vi menneske utviklar oss i møte med kvarandre, og kor viktig det er å bli sett, høyrd og møtt med respekt, for å føle seg trygg og klare å lande i seg sjølv med ro og sjølvtillit.

Ho er genuint oppteken av korleis samtalar, refleksjon og deling av erfaringar kan skape nye perspektiv, styrkje fellesskapet og gi rom for endring.  Annette er opptatt av å skape rom der ein kan kjenne på ro og vere seg sjølv.

Med utdanning i Qigong og saunaritual kombinerer ho denne interesse med kroppslege praksisar som inviterer til ro, nærvær og kontakt med eigen kropp. Gjennom langsame, medvitne rørsler, pust og sansing får deltakarane utforske korleis dei kan senke tempoet og gi seg sjølve rom til å kjenne etter og finne ro og glede i eigen kropp

For Annette handlar det ikkje om å bli ein annan, men om å få rom til å kome nærare seg sjølv.

Om Ragnhild Lekven Fimreite

Ragnhild Lekven Fimreite er autorisert klinisk ernæringsfysiolog, CBT-E-terapeut, kurshaldar og forfattar, med over 20 års erfaring frå arbeid med behandling av overvekt. Ho er også utdanna tai chi og qigong lærar.

Gjennom arbeidet sitt har Ragnhild vore oppteken av samspelet mellom kropp, hjerne, tankar, kjensler og åtferd, og korleis dette påverkar helse og vanar. Ho er oppteken av at varig endring ikkje handlar om streng kontroll eller raske løysingar, men om å forstå seg sjølv og finne fram til endringar som fungerer i kvardagen.

Med ernæringsfagleg kunnskap og innsikt i psykologiske prosessar formidlar ho kunnskap på ein praktisk og forståeleg måte, med respekt for at vi alle har ulike behov og føresetnader.

På retreatet i Jølster vil Ragnhild ta med seg den faglege bakgrunnen og erfaringa si inn i eit fellesskap der kvinner får høve til å stoppe opp, hente ny inspirasjon og utforske kva dei treng for å ta vare på eiga helse og livskvalitet.

Meld deg på og få ei helg til egen pleie

Kr. 4.688 / 5.888,-

 

    • Sengetøy, handkle og utvask inkludert

    • To nærande middagar

    • To felles lunsjar

    • To smoothie og fruktserveringar

    • Kaffi, te og vatn mellom måltida

    • Badstuerituale med moglegheit for isbad

    • Tur, utemeditasjon og naturopplevingar

    • Tai chi og qigong – rolege helseøvingar for kropp og sinn

    • Øvingar for vagusnerven og nervesystemet

    • Undervisning om kvinnehelse, hormon, kosthald og søvn

    • Meditasjon, delingssirkel og lydbad

  • Ei heil helg med fagleg påfyll, rørsle, kvile og gode opplevingar – med rom for å ta vare på deg sjølv

KJØP HER