Start her

LingZi – den gløymde delen av Reiki si opphavlege lære

er reiki noe for meg? lingzi lingzi kurs reiki kurs viberasjonskraft Nov 29, 2025
 LingZi – den gløymde delen av Reiki si opphavlege lære

🔮 Kva er Reiki?
Vi sat på ein benk utanfor kurslokalet der eg gjekk på astrologistudiet. Eg hadde nettopp starta på reiki og skulle forklare kva det eigentleg var. Men eg stod der svars­skuldig, fordi eg ikkje heilt visste. Dette har skapt år med undring og utforsking. Korleis kunne eg forklare denne krafta eg ikkje kunne sjå, men kjenne så sterkt?

Etter mange samtalar med Harald Øygard, som eig og driv Qigong-senteret i Oslo, kom svaret dalande på ei fjøl etter fleire års undring. Den healingkrafta eg opplevde i reiki, og den han arbeidde med i sin tradisjon, måtte ha same kjelde, tenkte eg. Men han var ueinig.

Heilt til hans undring og interesse førte han fram til LingZi, som hans meister Dr. Shen underviste i.


LingZi – den gløymde delen av Reiki si opphavlege lære

På slutten av 1800-talet oppheldt Usui seg ei tid i Mandsjuria, der han studerte og praktiserte saman med ordenen QianZheng LongMen Pai. Då han kom tilbake til Japan, hamna han midt i politisk uro og måtte rømme og leve i skjul i skogen for å unngå urettferdig fengsling. Der levde han i rundt tre månader og åt berre ville urter, bær og soppar.

I denne perioden bad han mykje om hjelp frå linje-forfedrane til QianZheng LongMen Pai. Etter om lag åtti dagar skjedde noko spesielt: medan han bad og song namnet til QianZheng Tailing – linje-forfader og meister – og heldt hendene i klassisk bønneposisjon, kjende han ei sterk vibrering i heile kroppen. Hendene byrja å røre seg spontant opp og ned, medan dei framleis var samla i bønneform.

Usui heldt fram med dagleg praksis, og vibrasjonen og frekvensen hans steig dramatisk.Han oppdaga denne viberasjonskraft som vart kalla LingZi Su, som tyder vibrasjonen av dei aller minste partiklane.

Denne krafta vart først oppdaga av Mikao Usui, som tok henne med til Japan tidleg på 1900-talet. Men sjølve praksisen LingZi Su har sitt utspring i ei taoistisk linje, QianZheng LongMen Pai, som kan sporast heilt tilbake til tida då Genghis Khan regjerte. Historier om dette systemet har blitt overført munntlig frå generasjon til generasjon, og historiene variere, men om ein skal sjå stort på det kan det tenkast at ein snakkar om den samme frekvensen og viberasjonskrafta.

 

🧘 Usui Sensei si reise og nedlasting av Reiki-krafta

For å forstå Reiki fullt ut – slik vi kjenner det i reikikurs, reikimesterkurs og modern energihealing – må vi sjå nærare på sjølve opplevinga som endra livet til Mikao Usui denne tida han var i fjellet.

Usui vart fødd i 1865 i landsbyen Taniai i Japan, i ein samurai-familie som gav han sterk disiplin, spirituell trening og tidleg kjennskap til både buddhistisk meditasjon, Kiko (ein japansk form for qigong) og gamle filosofiske tradisjonar.

 

🔣 Dei første Reiki-symbola

Etter oppvakninga på Kurama fjellet, byrja Usui å bruke og undervise i det som i dag blir omtalt som Reiki-symbola. Dei har blitt handsama litt ulikt i dei forskjellege greinene av Reiki, men i kjernen representerer dei vibrasjonar – ikkje berre teikn.

Symbola vart opplevd av Usui som nøklar til ulike aspekt av energien:

Cho Ku Rei – kraft og forsterking
Sei Hei Ki – mental og emosjonell healing
Hon Sha Ze Sho Nen – healing over avstand, tid og rom
Dai Ko Myo – meistersymbolet, lyset som opnar for høgre innsikt
Raku – symbolet som jordar og integrerer

Symbola var ikkje meint som dekor eller ritual. Dei var vibrasjonar. Metodar for å skru på, justere, rettleie og forsterke reikienergien – slik du også kjenner frå eigen reikipraksis, reikiretreat eller reikimeditasjon.

🏯 Grunnlegginga av Usui Reiki Ryoho

Etter oppvakninga reiste Usui ned frå fjellet og grunnla i 1922 Usui Reiki Ryoho Gakkai i Tokyo. Her underviste han i både hands-on healing, fjernhealing, meditasjon og eit fullt system for spirituell utvikling. Reiki vart ikkje berre ein healingmetode – det vart ein livsveg.

Han arbeidde djupt med å kombinere:

– reiki healing
– frekvenstrening
– meditasjon
– moralsk og spirituell utvikling
– vibrasjonspraksisar frå eldre tradisjonar

Reiki var for Usui ikkje ein teknikk, men ei tilnærming til å leve i harmoni med energi, kjelde og vibrasjon.

 

🌟 Dei fem prinsippa – den indre praksisen Usui meinte var heilt avgjerande

Samtidig som Usui utvikla Reiki-systemet, arbeidde han djupt med noko som ikkje handla om symbol, teknikk eller frekvensar – men om sjølve haldninga i hjartet. Dette vart til dei fem prinsippa, som han underviste kvar einaste elev i. Dei fem setningane var ikkje sekundære i undervisninga hans. Dei var sjølve fundamentet.

Inspirert av keisar Meiji sine etiske forskrifter og gamle japanske livsvisdomar, samla Usui essensen i menneskeleg utvikling i fem enkle, men kraftfulle setningar. Han kalla dei «den hemmelege metoden for å invitere lykke» og «åndsmedisin for alle sjukdommar» – ikkje fordi dei var magiske, men fordi dei skulle rette vibrasjonen vår inn i eit rom av fred, klarheit og takknemlegheit. Det er her reikienergien flyt lettast.

Prinsippa er bygd rundt uttrykket «berre for i dag» – kyō dake wa. Dette var heilt med vilje. Usui såg at menneska fall i fellen av å skulle endre alt på ein gong, medan krafta alltid ligg i nærværet, i dagen i dag, i det som er rett framfor oss. Når energien får kvile i noet, blir kroppen mjukare, sinnet rolegare, auraen klarare – og reikienergien kan strømme utan motstand.

✨ Dei fem prinsippa

Berre for i dag …

  1. … skal eg ikkje vere sint.
    Sinnet forstyrrar energiflyten og skaper blokkeringar. Når vi slepp sinnet, slepp vi kroppen fri.

  2. … skal eg ikkje bekymre meg.
    Bekymringar trekkjer oss vekk frå kjelda. Når sinnet er roleg, kan reikienergien arbeide djupare.

  3. … skal eg vere takknemleg.
    Takknemlegheit løfter vibrasjonen vår umiddelbart. Ho opnar portalen til høgare frekvens.

  4. … skal eg arbeide ærlig og helhjarta.
    Usui meinte at integritet, dagleg innsats og ekte nærvær er ein del av healingvegen. Energi følgjer handling.

  5. … skal eg vere vennleg og god mot alle levande vesen.
    Kjærleik er den høgaste vibrasjonen. Reiki er ikkje berre ein praksis – det er eit mjukt syn på verda.

🌙 Kvifor desse prinsippa betyr så mykje i Reiki i dag

Når vi jobbar med reikikurs, reikiretreat, reikimeditasjon, energihealing eller i ein reikimesterprosess, blir det tydeleg at healing ikkje berre skjer i hendene – ho skjer i haldninga, og energien din må vere rein skal du kunne gje sterk healing til andre. Når vi held desse prinsippa tett på hjartet, er det som om heile energifeltet vårt blir ein klarare kanal. Vi tek inn mindre støy. Vi sender ut meir lys. Vi står meir stødig i oss sjølve.

Usui underviste aldri Reiki som berre ein teknikk.
Reiki var alltid ein veg.
Ein frekvens eller viberasjonskrafta Lingze
Ei reise i å vere eit betre menneske dag for dag.

Dei fem prinsippa er kompasset som held oss i retning av kjelda, slik at vi kan møte livet – og alle vi healar – med klarleik, ro, varme og open sjel.

Reiki vart opphavleg kalla LingZi Su, som tyder vibrasjonen av dei aller minste partiklane. Denne krafta vart først oppdaga av Mikao Usui, som tok ho med til Japan tidleg på 1900-talet. 


🔥 LingZi-treninga - for å komme i kontakt med viberasjonskrafta
LingZi-øvingane for å utvikle vibrasjonskraft og auke frekvensen var svært spesielle og kravde streng, regelmessig trening.

Når ein elev først hadde utvikla:

XianDong – synlege spontane kropps­rørsler
og seinare
YingDong / QianDong – usynleg vibrasjon i kroppen

…begynte dei å trene med LingZi-tre: tynne, rektangulære treplater stabla i ei bunke.

Eleven skulle sende vibrasjonskraft gjennom handflata og inn i stabelen, slik at éi plate bevega seg ut av bunken.

Neste nivå var å få ei bestemt plate til å flytte seg – til dømes den femte frå toppen eller den andre frå botnen. Dette kravde presis vibrasjon og mental kraft.

Først når ein meistra ein stabel på 60 plater, vart ein rekna som høgfrekvent nok til å behandla pasientar. Sjølve healinga skjedde vanlegvis på litt avstand, ved å sende frekvensinformasjon utan fysisk berøring.


🌌 Healing er heling eller ulike tilnermingar som gjer den kraftigare?
I 1953 studerte Dr. Shen Hongxun den originale LingZi Su med meister Ge QiTong, som sjølv hadde studert ved TaiLing Dao-senteret i Shanghai. 

Dr. Shen  underviste vidare i dette systemet, og retta den spesielt mot Reiki-utøvarar og andre som arbeider med healing, og gir ei moglegheit til å vende tilbake til kjelda for dei kosmiske kreftene.

Den opphavlege LingZi-øvinga vart seinare ei av grunnpilarane i Buqi-Healing, der ho blir brukt for å:

– auke frekvens
– utvikle vibrasjonskraft
– samle og styre frekvens
– sende frekvens over avstand

Det vil sei at buqi systemet og reiki bygger på samme viberasjonskraft, nemelig Lingzi. For meg var dette litt av ein oppdagelse, sjølv om eg følte at desse to helingsystema var nært tilknytta kvarandre kunne eg ikkje forklare det, før no. I buqi får eg kontakt med ein måte å rense kroppen på som opprinleg var tenkt frå mester dr. Ushui sin side, men som vesten har effektivisert vekk, med å arangere korte helgekurs, der studentane ikkje er villig til eller får oppføljing i etterkant, slik at vi verkeleg forstår kva viberasjonskraft og reiki handlar om.


🌙 Beskyttelse mot onde krefter

Eg har alldri møtt Dr. Ushui eller Dr. Shen. men eg har fått gleden av å studere med Harald og Dr.Shen yin. Eg starta på denne reisa etter at eg hadde jobba med reiki ei god stund, og kunne umiddelbart kjenne denne viberasjonskrafta, og spontane bevegelsar. Det var som om beina var limt fast i golvet, og kroppen bevegde seg i eit eige tempo, med bevegelsar som korigerte skilettetm og reparerer organa som har fått kjørt seg etter travle liv, som er fylt opp med henting og bringing av barn, middag, mat hanndle, jobbe, trene osv. Her var det masse som skulle fiksast, og eg er kansje ikkje åleine?

Det eg prøver å sei er at ein del av dei onde kreftene vi vil beskytte oss mot, lagar vi sjølv med å overfore oss med aktivitetar og tankekjør. Samtidig er det slik at når vi jobbar med healing vil vi ikkje at den dårlege energien andre bærer på skal ta bosted i vår kropp. Og det var først når eg kom på buqi studie at eg lærte dette som eg gjorde intuetivt. Man skyver energien ut til veggane eller sidene, som om vi renser kroppen til den som ligger på benk eller sitter. på denne måten holder vi ikkje handa heilt i ro over pasienten så vi tar alt inn i våre medianer eller feltet om du vil.

Tankane eller intensjonen er viktig for å ikkje tiltrekke seg energi som ein ikkje vil ha i feltet sitt. Ritualer som der ein jobber med elementa, vaten, eld, jord og lutf for å beskytte seg er naturens måte å bistå på.

 

 🌌 Dr. Shen Hongxun og Buqi-systemet - samme viberasjonskraft som reiki?

På 1950-talet studerte Dr. Shen Hongxun den originale LingZi Su med meister Ge QiTong frå TaiLing Dao-senteret i Shanghai. Den opphavlege LingZi-øvinga vart seinare ei av grunnpilarane i Buqi-Healing, der ho blir brukt for å:

  • Auke frekvens

  • Utvikle vibrasjonskraft

  • Samle og styre energi

  • Sende healing over avstand

Denne forma for energihealing er i slekt med Reiki, men basert på eldre og meir presise tradisjonar.


Kvifor LingZi er viktig for Reiki i dag

For alle som jobbar med Reiki, reikimesterkurs, reikiretreat eller Reiki som heilskap, gir LingZi oss:

  • Ei djupare forståing av korleis healing faktisk verkar

  • Moglegheit til å utvikle høgare eigen vibrasjon

  • Verktøy for energetisk sjølvvern

  • Ei sterkare og meir presis reikienergi

LingZi er ikkje berre historie – det er kjelda til energihealing slik mange kjenner ho intuitivt, i kroppen, sjela og praksisen sin.

Når eg og Harald har diskutert kvar denne vibrasjonskrafta eigentleg kjem frå – Reiki eller Qigong – blir svaret heile tida det same: Vibrasjonen høyrer til kjelda, ikkje til eit system. Både Reiki og Qigong har bevart ulike nøklar til frekvensen som rører i alt levande, og LingZi er ein av dei mest opphavlege vegane inn til denne urkrafta.


🌿 Opplev LingZi direkte – kurs med Harald Øygard

Difor vil eg anbefale Harald sitt kurs:

Qigong – LingZi – Vekk kroppen sine helande vibrasjonar
LingZi – å meistre opphavet sine vibrasjonskrefter!

Påmelding: https://www.qigongsenteret.no/lingzi-helgekurs-oslo/

Dette er eit unikt kurs som sjeldan vert tilbydd, og som gir moglegheit til å fordjupe seg i ei kraftfull og opphavleg healingpraksis med røter i Qigong og taoistisk tradisjon. Kurset er særleg relevant for healere, terapeutar, Reiki-utøvarar og deltakarar i Buqi-studiet – men er ope for alle med interesse for energi og sjølvutvikling.

 


🔗 Kjelder og vidare lesing om viberasjonskraft

For dei som ønskjer å lese meir om LingZi, Buqi og dei tidlegaste vibrasjonspraksisane som inspirerte Reiki:

  1. Buqi Institute – Nyheitsbrev om LingZi: Buqi Newsletter 2010

  2. Dr. Shen Hongxun – LingZi Su og Buqi: Buqi.net

  3. Taireido / TaiLing Dao – japansk perspektiv: Reiki Tradizionale

  4. QianZheng LongMen Pai – taoistisk linje og opphavet til LingZi: Daoist Studies

Få gratis webinar om reiki krafta her!

Ta gjerne kontakt på [email protected] om du prate

Har du lurt på om du også har healingevner?
Ta quizen min og finn det ut!

Ta meg til quizzen!

Motta gratis trommereise