Kvar er det blitt av omsorgen i helsevesenet?
Oct 27, 2025
Når ein pille ikkje er nok – ei reise gjennom norsk helsevesen 💜🔮
Hadde eg tatt alle medisinane de har gitt meg, hadde eg ikkje vore her i dag, sa eg. Ein medisin gjev meg berre eit nytt sjukdomsbilde. Og eg er allereie utgreidd for psykiske plager, så det er ute av biletet, la eg til – med eit lite smil om munnen.
Eg såg villreie i auga hennar. Kva skulle ho gjere med meg? Ho foreslo ein ny spesialist – ein eg hadde vore hjå tidlegare. Det var tydeleg at ho ikkje hadde lese journalen min. Heile situasjonen var ein stor påkjenning: ny lege som skulle «ordne» meg, og nok ein skuffelse.
MR-maskina og stillheita etterpå
– Det har du ikkje vore på før? spurde legen. – Nei, sa eg forskrekka. Kva skal det vere godt for? – Det er greitt å sjekke alt, svarte ho.
Så spurde ho korleis eg hadde kome meg dit. – Eg sykla, sa eg. Ho slo opp adressa mi på Google Maps, himla med auga og utbraut: – Sykla du? Var det så lurt?
– Ja, svarte eg forsiktig. Fysioterapeuten min seier det er lurt å vere i bevegelse, slik at musklane rundt skaden får blodtilførsel.
Ho svara ikkje. Eg vart vist ut døra – med fleire spørsmål enn då eg kom inn.
Frå fall til oppvaking: då kroppen sa stopp
Alt starta med ei fallulukke på jobb. Å vere lærar var mi største lidenskap. Eg hadde aldri vore skada før, og hadde lite erfaring med norsk helsevesen. Eg trudde alle råda eg fekk, ville hjelpe meg å meistre smertene.
Flink pike som eg var, tok eg imot alt. Eg gjorde som dei sa. Heilt til kroppen ein dag sa stopp. Sjølv om hovudet ville vidare, nekta kroppen.
Systemet skannar kroppen, men ser ikkje mennesket
Eg møtte opp til MR. Nok ein maskin som skulle skanne meg. Etter 20 minutt med reklame som surra i bakgrunnen av den tunge lyden, kom eg ut frå den tronge tunnelen.
– Gjekk det bra? spurde ho. – Eg treng litt tid, eg kjenner meg svimmel, sa eg. – Det er heilt normalt, svarte ho.
Men eg trengte meir tid. Kva var vitsen med å reise seg opp med ein gong, om eg risikerte å dette? Dei sto og såg på meg der eg låg. Eg følte presset – neste pasient venta.
Eg tok mot til meg, reiste meg, kledde på meg og gjekk forbi tre som sat framfor ein skjerm. Ingen såg på meg. Ingen spurde korleis eg hadde det. Heldigvis datt eg ikkje om på veg heim. Då hadde eg vel fått ein ny diagnose.
Har vi gløymt kva heilhetleg helse eigentleg er?
Tankar går til kropp. Kjensler set seg i kroppen. Men helsevesenet ser ikkje dette lenger.
Når eg skreiv master i leiing, var New Public Management eit heitt tema. Alt skulle styrast etter mål, resultat og tal. Systemet minner meg om McDonald’s: éin legg på ost, éin steiker pommes frites, éin tek betaling. Alt er spesialisert. Ingen snakkar saman.
I dette systemet aukar effektiviteten – men omsorga forsvinn. Dei som treng hjelp, blir endå sjukare. Og vi må forstå: det er skilnad på ein ost på McDonald’s og ein legespesialist på sjukehuset.
Nok er nok – eg tok helsa tilbake
Dette helsevesenet hjelper meg ikkje. Ingen spør kva eg treng.
Time etter time hos ulike spesialistar – som er mest opptatt av å vere spesialistar. Eg betalar for timar som ikkje gjev meg noko, og kjenner i heile kroppen at dette ikkje er vegen.
Eg trur ikkje heksa har gjenoppstått – sjølv om eg kan føle energiar i rommet og ta andre sine kjensler på alvor. Men eg veit at å leve i samsvar med si indre røyst er avgjerande for helse, balanse og fred.
Overgang til healing og indre ro
Etter alt dette blei det klart: ekte heling startar innanfrå. Å setje grenser – både mot systemet og alt som tømde meg for energi – blei ein livsviktig læring. Å seie nei var ikkje eit avslag til verda, men ei invitasjon til å seie ja til kroppen, sjela og meg sjølv. 💜🔮
Denne innsikta leiar oss vidare til kunsten å seie nei – eit tema som har endra kvardagen min, gjeve meg ro og balanse, og vist meg kor viktig det er å lytte til si indre stemme.
🌙 Kunsten å seie nei – for å seie ja til deg sjølv
Det finst ein stille kamp i mange av oss: kroppen som vil sove – og tankane som ikkje vil sleppe taket. Eg har vore der. Kroppen tung som bly, hjartet lengtande etter kvile, men hovudet fullt av lyd og plikter. Det var som å liggje under vatn, utan å få puste heilt ut.
Kva er det eigentleg som held meg vaken? 💜🔮
Svaret kom ikkje som ord, men som kjensle: eg var overfylt. For mange inntrykk. For mange «berre litt». For mange impulsar eg sleppte inn utan å spørje kroppen om ho orka.
📱 Berre skrolle litt
Du er sliten, men i staden for å kvile, tek du opp telefonen. Berre sjå, berre finne noko nytt – noko som skal redde deg frå det du eigentleg kjenner. Men sånn er det ikkje.
Det du trur skal hjelpe, døyver. Det som verkar trygt, tek deg lenger bort frå stilla. Eg måtte lære å seie nei: til det som lokka, men tømde. Til det som fylte hovudet, men ikkje hjartet. Til alle dei små tinga som heldt meg unna meg sjølv.
Og då byrja det å skje: tankane roa seg, nervesystemet fann rytmen sin, og eg byrja å høyre meg sjølv igjen.
🌿 Høgsensitivitet betyr små dosar
Når du er høgsensitiv, tek du inn alt – lyd, lys, stemningar, menneske. Alt er sterkare. Difor må du lære deg å dosere livet i mindre mengder.
Ei grense er ikkje ein mur. Ho er ein sti du kan gå trygt på – saman med andre, utan å forlate deg sjølv.
Kroppen treng å vite at du passar på henne. Når ho kjenner seg trygg, slepp ho taket. Då kjem roen.
✍️ Skriving som tømming (somatisk venting)
Skrivinga mi er ikkje for å vere flink – ho er for å tømme. Når blekket treff papiret, slepp kroppen. Kjeven mjuknar, skuldrene fell, pusten går djupare. Pennen blir ei healinghand. Orda ber vekta ei lita stund, og nervane finn vegen heim.
- Prøv: 5 min fripenn før leggetid. Skriv utan stopp og utan filter. Riv eller legg bort etterpå – poenget er å tømme, ikkje å prestere.
💫 Læring skjer når du både høyrer og handlar
Å setje grenser er ikkje ein «eg har det/har det ikkje»-ting. Det er noko du lærar – gjennom livet. Først seier du for mange ja. Så seier kroppen stopp. Deretter kjem læringa – når du faktisk gjer noko annleis.
Healing + handling = varig endring. Du kan ikkje tenke deg ro – du må leve deg ro. Kvar gong du seier eit kjærleg nei, lærer du nervesystemet at det er trygt å kvile.
«H J E R T E» – ei mjuk grensestige
- H – Høyr: Stopp 30 sek. Kva seier kroppen?
- J – Juster: Kva eine tingen kan du seie nei til no?
- E – Eige: Sei mildt: «Eg kan ikkje no. Eg treng ro.»
- R – Rydd: Varsel av. Lys ned. Lukk faner. Legg telefonen i anna rom.
- T – Tøm: 5 min skriving utan stopp.
- E – Evaluer: Kjenn etterpå: 10–20 % meir ro?
🔮 Reiki – ro no, og ein veg for å bli der
Reiki-healing gir kvile her og no – ho roer nervesystemet, klårnar sinnet og reinsar. Men den verkelege endringa skjer når du held fast i roen etterpå. Det er vanane og vala dine som gjer roen varig.
Reiki viser korleis energi flyt. Du vel kvar du vil sende henne. Sei nei til det som ikkje er ditt – så du kan seie ja til det som er heilt deg.
🌕 Kveldsritual (10 min)
- Høyr: Lukk auga og finn den mest slitne delen av kroppen.
- Juster: Sei nei til éin liten avleiing (skjerm, scrolling, «berre litt»).
- Pust: 3 lange utpust (lengre ut enn inn).
- Tøm: 5 min fripenn. Skriv det kroppen ikkje får sagt.
- Hand på kroppen: 2 min eigenbehandling hjarte/solar plexus.