REIKI - DU VEIT DU ER MEINT FOR NOKO MEIR
May 08, 2026
Kva er reiki? Eg har hørt om det, men kva er det eigentleg?
Når eg hørt om reiki kurs var det som om dit skulle eg, koste kva det koste ville. Det var eit stort JA, i heile kroppen. Dette skal eg, sjølv om eg ikkje hadde peiling på kva det var for noko. Stolte eg på ituisjonen min, og sa til mannen min at dette skulle eg. Vi bruker vanlegvis å avklare ting med kvarandre, men ikkje denne gangen. Heldigvis forstod han at dette var viktig for meg, og doktorgraden eg hadde søkt på var tross alt mykje meir omfattande, men den bytta eg lett ut mot dette.
Eg kjem frå ein akademisk bakgrunn og jobba som lektor på den tida, eg kjente at jobben som lærar begynte å "tære på" som ein seier. Oppgåvene var endelause, og det var alltid nokon som trengte mi hjelp. Eg var utruleg sensetiv, og har heile mitt liv vert opptatt av at andre skal ha det bra. I dei seinare åra har eg innsett at det har gått på bekostning av eiga helse og ve og vel.
Eg kunne kjenne om andre hadde vondt, eller det var dårleg stemning nokon plass. Det verste av alt var at eg merka om andre ikkje snakka sant til meg eller ikkje var ærlege på noko vis. Kva skulle eg sei da? Eg veit du ikkje snakka sant? Eg turte jo ikkje det, sån kun på magefølelsen. På reikikurs fant eg ut at dette var ei superkraft.
Eg hadde ei viberasjonskraft i meg
Reiki hadde noko med healing å gjere, det var det einaste eg viste når eg meldte meg på reikikurs. Eg hadde sterk trong til å lære meg sjølv å kjenne, og kvifor hendene mine overtok andre si smerte. var det dette som var å heale?
Eg har mangen slike historier frå før eg forstod og lærte meg å bruke og styre healingkrafta. Eing gang var vi ein venninne gjeng som var på helge tur, der ei av oss hadde migrene. Eg masserte ho og holdt ho på nakken, og migrena henna blei borte, men eg overtok smertene hennas. Eg kunne kjenne på frustrasjonen av å vere meg, kunne eg ikkje berre vere «normal». Kvifor overtok eg henna smerte når eg maserte ho? No forstår eg at ho var i mitt felt og eg kunne ta vekk hennas smerte, og reiki lærte meg korleis eg kunne kvitte meg og rense ut denne ved hjelp av viberasjonskrafta.
Eg begynte på reiki kurs online, der vi møttes ein gang i veka. Eg møtte ei dame som var endå rarare en meg, full av kunnskap som endra livet mitt, og pluttseleg følte eg meg heime for første gang i mitt liv. Endeleg var det nokon som kunne lære meg om healing, og der det var akseptert å snakke om dette tema Utan å bli sett rart på eller avist.
Eg fekk god kontakt med reiki healingkrafta gjennom reikisymbola, og begynte å øve meg på venner med gode resultat… så spennande dette var, tenk at eg kunne hjelpe folk på denne måten, endeleg hadde eg lært meg teknikkar for å ikkje overta andre si smerte.
Kva er reiki eigentleg?
Du kan jo prøve å holde heldt hendene i klassisk bønneposisjon, og kjenne om du føler noko og kva du føler?
Det var på denne måten Ushui oppdaga reiki krafta. Etter nokre månader i denne bønnestilliga kjende han ei sterk vibrering i heile kroppen. Hendene byrja å røre seg spontant opp og ned, medan dei framleis var samla i bønneform.
Usui heldt fram med dagleg praksis, og vibrasjonen og frekvensen hans steig dramatisk.
Han oppdaga denne viberasjonskraft som vart kalla LingZi Su, som tyder vibrasjonen av dei aller minste partiklane.
Qigong systemet har også denne viberasjonskrafta, og det var der eg har jobba med å utvikle mi vibersjonskraft. Eg kunne umiddelbart kjenne denne viberasjonen i kroppen mi på mi første qigong trening, kroppen bevegde seg og justerte seg i alle rettningar.
Kven er du, sa ho oppglødd
Mange jobbar i åresvis for å få den viberasjonen og kontakten som eg allerde hadde. Så rar eg var, og i qigong var eg pluttseleg god, og ikkje gal. Eg lærte meg å bruke jordkrafta på ein heilt ny måte, og når buqi utdanninga, som er healingsystemet til taiji og qigong systemet blei lansert i Oslo, var detr ingen tvil. Om eg kunne lære healingforma av dr.shen yin frå Kina, så skulle eg det. Tenk at qigon er energiarbeid var byd opp på den samme vibersjonskrafts (LingZi) som reiki. her kunne eg virkeleg fordjupe meg.
Sjølve praksisen LingZi Su har sitt utspring i ei taoistisk linje, QianZheng LongMen Pai, som kan sporast heilt tilbake til tida då Genghis Khan regjerte. Historier om dette systemet har blitt overført munntlig frå generasjon til generasjon, og historiene varierte, men snakka dei eigentleg om den samme frekvensen?
Mikao Usui fekk tillgang til denne og tok den med til Japan tidleg på 1900-talet, og gjorde den kjent som Reiki. For ein modig mann han må ha vert, snakke om dette offentleg uten noko hemleghald? Det kan ikkje vert enkelt. Så modig han var, og for ein forskjell han har gjort for mange.
I tilegg til denne krafta der kroppen beveger seg sjølv, korigerer og renser kroppen ved hjelp av jordkraft. Utvikla han reikisymbola.
Symbola vart opplevd av Usui som nøklar til ulike aspekt av energien:
Cho Ku Rei – kraft og forsterking
Sei Hei Ki – mental og emosjonell healing
Hon Sha Ze Sho Nen – healing over avstand, tid og rom
Dai Ko Myo – meistersymbolet, lyset som opnar for høgre innsikt
Raku – symbolet som jordar og integrerer
Symbola var ikkje meint som dekor eller ritual. Dei var vibrasjonar. Metodar for å skru på, justere, rettleie og forsterke viberasjonenskrafta. Derfor blir eg så utruleg frustrert når eg i dag høyrer om strikse ritualer som folk har laga seg, og lærer vekk til andre. Det er som tvangshandlingane har blitt sett inn i healingform. sjå for deg at du sjekker om du har låst døra tre ganger før du legger deg, og døra er ikkje låst før du har gjort det. korleis har du det i hode og kroppen din da? Eg kan iallefall kjenne at stresset stige, og at hode er sterkt innvolvert. I reikihealing er ikkje hode involvert i det heile tatt, ein sender healing gjennom chakra, og stilner hode som i ein meditasjon. På denne måten opner vi opp for å bruke intuisjonen vår, og kan gå enda djupare inn i å heale klienten.
Reiki er ein enkel metode som kjem frå hjertet, høyrte eg dei forklare på instagram....
Korleis skal eg kunne aktivere viberasjonen kun i hjertet, når viberasjonen går frå himmel til jord og gjennom alle mine chakra? Jo meir open og reine mine chakra eller energibaner er dess lettare vil viberasjonen flyte gjennom og reikikrafta vil bli endå kraftigare. Det er derfor vi må øve, for å forstå denne viberasjonskrafta, og virkeleg kunne bygge healingfelt. Ein viberasjon av energi som blir meir og meir høgfrikvent jo meir vi bruker den.
No hjelper eg andre finne si healingkraft og gjere den til sin super power